Bestilling av Telenorprofilert tøy med rabatt

Postet av Telesport Bergen B.I.L den 5. Mai 2024

TIF/Telesport sin Trimtex nettbutikk er no open for bestilling av Telenor-profilert tøy, dvs TrimTex treningstøy med Telenor logo og fargar.

Bestillingsfristen er søndag 5. mai kl 23:59. Det er ikkje muleg å bestille etter dette. Merk at dette er den einaste mulegheita for å bestille tøy i 2024. Forventa levering er ca 21. juni.

Medlemmar som har betalt kontingent for 2024 kan benytte ein rabattkode som gir inntil 50% avslag ved handel. Maks rabatt er kr 1000,-. Rabattkoden og reglane for bruk som gjeld for denne bestillinga vart sendt ut på epost 26.04.2024 ca kl 10:45. Epost avsender er "Telesport Bergen ". Emnefeltet er "Rabattkode til TIF/Telesport Trimtex nettbutikk". Ver obs på at det er maks ein ordre pr medlem, og det er kun medlemmer av Telesport Bergen med betalt kontingent for 2024 som kan bruke rabattkoden. Bestillingar/rabattar som ikkje matcher medlemslister vil bli etterfakturert. Også feil bruk av rabattkoder vil bli etterfakturert.


Eksempel på design og eit lite utvalg av modellar.




Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.